Endometriose – Hvor vond skal mensen være? av Guri Majak og Marianne Omtvedt

Publisert 5. august 2025

Ragnar Kvie Sande

1. amanuensis ved Universitetet i ­Bergen og seksjons­overlege ved Stavanger Universitetssykehus

Endometriose har fått aukande merksemd i den offentlege samtalen dei siste åra. Behandling og forsking på feltet har blitt løfta og ein kan berre håpe at dette og vil kome kvinnene som lir av denne tilstanden, til gode. Som for mange andre kroniske tilstandar er kunnskap og ­forståing ­viktige vegar til betre livskvalitet, og endometrioseskular har blitt etablerte ved fleire av dei største sjukehusa våre. Boka ”Endometriose – hvor vond skal mensen være?” rettar seg mot ­kvinner med endome­triose som ynskjer meir kunnskap om sjukdomen.

Figur 1: Boka er rikt illustrert, med eit ­fargesterkt omslag som burde gjere den lett å finne i bokhandelen.

Figur 1: Boka er rikt illustrert, med eit ­fargesterkt omslag som burde gjere den lett å finne i bokhandelen.

Gynekologane Guri Majak og Marianne Omtvedt har vore sentrale i oppbygginga av opplæringstilbodet for endometriose­pasientar i hovudstadsregionen. Majak er ein av dei mest profilerte klinikarane innan feltet, og Omtvedt har utdanning som mentaltrenar. Saman har dei skrive boka ”Endometriose - hvor vond skal mensen være?”, primært retta mot kvinner som har endometriose. Forfattarane leverer ein grundig gjennomgang av diagnostikk, behandling og prognose ved denne viktige tilstanden. Her fins svar på det aller, aller meste ei kvinne med endometriose kan tenkast å lure på!

Boka er halde i eit ungdommeleg og muntleg språk, tydeleg retta mot pasientgruppa, stort sett fungerer dette grepet bra. Vi vil imidlertid rå forfattarane til å sette seg inn i den eigentlege betydninga av begrepet ”Netflix & chill” til neste utgåve. ”Endometriose – hvor vond skal mensen være?” er rikeleg illustrert, med instruktive bilde som på same tid formidlar smerta og fortvilinga desse kvinnene kan kjenne på (Figur 1). Boka tar for seg til dels kompliserte biologiske prosessar og sjukdomsmekanismar, og lykkast med å forklare desse på ein forståeleg måte for målgruppa, i seg sjølv ein betydeleg prestasjon. Forfattarane skal ha honnør for å vere grundige og fagleg etterrettelege, utan på noko tidspunkt å ty til lettvinte forenklingar for å gjere innhaldet meir tilgjengeleg. Dette er eit kvalitetsstempel, men betyr samstundes at boka nok er aller mest eigna for kvinner som er komfortable med å tileigne seg kunnskap og informasjon frå bøker.

Dette er ikkje ei lærebok for fagfolk, det meste av innhaldet er kjent stoff også for ein enkel obstetrikar. Gynekologen tileigna seg noko ny kunnskap ved gjennomlesing av boka, men mindre enn venta. Vi har imidlertid omsider forstått kvifor rettleiaren anbefaler p-pillar framfor hormonspiral til kvinner med endometriose. Gynekologen kan likevel ikkje anbefale denne boka til kollegaer som ynskjer å oppdatere seg på endometriose; det fins rikeleg bøker om temaet som er retta mot vår faggruppe. På den andre sida tenker Gynekologen at dette i aller høgaste grad er ei bok klinikaren kan anbefale til kvinner som har endometriose, og som er motivert for å lære mest muleg om sjukdomen.

Guri Majak og Marianne Omtvedt har skrive ei god og grundig bok om endometriose, som alle kvinner med denne tilstanden burde lese!