Referat frå det fjerde obstetriske guidelinemøtet – Losby Gods 24.-25.4. 2025

Publisert 5. august 2025

Ragnar Kvie Sande

Seksjonsoverlege ­fostermedisin KK SUS

Førsteamanuensis K2 UiB

Kremen av landets obstetriske miljø var samla på Losby 24.-25. april for grundig revisjon av åtte kapittel og ein noko meir kursorisk gjennomgang av ytterlegare ti. Engasjementet var stort og ­temperaturen til dels høg, men stemninga gjennomgåande god. Dei reviderte kapitla vil utan tvil bidra til å heve det allereie skyhøge nivået på norsk fødselshjelp.

Figur 1: Eit femtitals obstetrikarar frå Hammerfest til Kristiansand var samla på Losby Gods for det fjerde obstetriske guidelinemøtet.

Figur 1: Eit femtitals obstetrikarar frå Hammerfest til Kristiansand var samla på Losby Gods for det fjerde obstetriske guidelinemøtet.

Vårsola var varm og lufta skarp då eit femtitals norske obstetrikarar samlast til det fjerde obstetriske guidelinemøtet (figur 1). Møtet vart halde på ærverdige Losby Gods, noko vi må kunne driste oss til å kalle ein tradisjon. Nytt av året var at møtet vart lagt til vekedagar i staden for helg, ein større del av belastinga vart dermed flytta frå deltakarane til sjukehusa. Gledeleg nok førte ikkje dette til redusert deltakartal. Møtet var også korta ned til to heile dagar, noko meir arbeidsintensivt og med mindre tid til å oppleve godset med omliggande natur (figur 2). Omleggingane vart imidlertid gjennomgåande godt evaluert.

Figur 2: Deltakarane nytta dei korte pausane til å nyte sol og frisk luft.

Figur 2: Deltakarane nytta dei korte pausane til å nyte sol og frisk luft.

Møtet starta torsdag morgon med velkomsthelsing frå nyvald hovudredaktør Johanne Kolvik Iversen, før det bar rett inn i alvoret med fyrste kapittel som skulle reviderast. Gry Findal tok oss rutinert gjennom eit utval virale infeksjonar i svangerskap. Ryktene skal ha det til at kapittelforfattarane har fått svært konkrete føringar for presentasjonane, noko som sannsynlegvis var ein viktig faktor i den effektive og profesjonelle gjennomføringa av møtet.

Etter at Findal hadde varma opp salen, kom årets kontrovers med gjennomgangen av maternell sepsis og chorioamnionitt. Det hadde kome inn rikeleg høyringsinnspel, og Sedina Atic Kvalvik leidde sesjonane sine med imponerande ro. Meiningane var sterke og frontane til dels steile, men dei frammøtte obstetrikanane makta å halde hovudet kaldt og kruttet tørt, og begge kapitla vart til slutt godkjende med overveldande fleirtal.

Jörg Kessler gjekk deretter gjennom kapittelet om antenatal CTG og innkomst-CTG, på vegne av ei breitt samansett forfattargruppe. Han gjorde ryddig greie for endringane, mellom anna fekk vi konkretisert kva som er skilnaden mellom gjentatte decelerasjonar og enkelte decelerasjonar. Det er grunn til å tru at det reviderte kapittelet vil vere ei viktig støtte i vanskelege vurderingar om forløysing av premature. Katariina Laine gjekk deretter gjennom kapittelet om perinealskade og sfinkterskade ved fødsel, også dette vart gjenstand for fruktbar diskusjon og deretter vedtatt med overveldande fleirtal.

Figur 3: Diskusjonen heldt fram i mindre formelle fora.

Figur 3: Diskusjonen heldt fram i mindre formelle fora.

Etter det offisielle programmet vart dei faglege diskusjonane vidare­ført i mindre formelle rammer (figur 3), nokon nytta høvet til ei kjapp joggetur, før det braka laus med festmiddag på kvelden. Her vart det tradisjonen tru avsynging av kampsangen ”Gynekologiens Røst” samt ”Losbysongen”, som med årets tilskot er oppe i fem vers. Jörg Kessler vart høgst fortent tildelt trofeet ”Den Gyldne Tang”, og heldt ein kort, men hjertefølt takketale (figur 4). Pepe Salvesen måtte beklage at St. Olavs Hospital berre har revy kvart anna år, og at han derfor ikkje hadde noko ferskt revynummer å glede oss med. Han kompenserte imidlertid med to nydelege stev, og forventingane er stilt høgt fram mot neste års møte.

Figur 4: Vel fortent gyllen tang til Jörg Kessler!

Figur 4: Vel fortent gyllen tang til Jörg Kessler!

Fredag morgon var ein uforskamma sprek gjeng tidleg på plass, og starta med å gå gjennom postpartum blødning under kyndig regi ved Lill Nyfløt. Også her var det nye og viktige poeng, særleg knytt til bruk av cyklokapron, vi oppfordrar alle medlemer til å sette seg inn i dei reviderte kapitla, som burde ligge på ­Metodebok. no når Gynekologen går i trykken. Deretter var det gjennomgang av kapittelet om tvillingar, grundig og effektivt leia av Synnøve Lian Johnsen, før psykiater Malin Eberhardt Gran presenterte ein omfattande revisjon av kapittelet om mental helse i svangerskapet. Kapittelet verkar å ha skifta tittel til ”Psykisk helse og psykiatriske sykdommer”, og har blitt delt inn i ei rekke underkapittel for å kunne presentere det samansette fagfeltet mest muleg oversiktleg. Eberhardt Gran var vel førebudd og på ballen; kapittelet vart vedtatt med overveldande fleirtal på mindre tid enn opprinneleg avsett. Pepe Salvesen kunne dermed lykkeleg ta fatt på hurtig­sesjonen med eit kvarter ekstra på klokka. Den ekstra tida kom godt med, fleire av kapitla som var sett opp til hurtigrevisjon inneheldt såpass omfattande endringar at det vart stilt spørsmål ved om det var tilstrekkeleg med ein rask gjennomgang. Det vart bestemt at nokre av kapitla som var til hurtigrevisjon i 2025 vil bli gjenstand for full revisjon i 2026.

Dei reviderte kapitla, både dei som har vore til full revisjon og dei som har vore til hurtigrevisjon, vil bli publiserte på Metodebok.no og skal vere tilgjengelege når du les dette.

Ved det komande Losbymøtet i 2026 skal heile ti kapittel reviderast: Virale infeksjonar, Hypertensive svangerskapskomplikasjonar, Svangerskapsdiabetes, Hjertesjukdom og graviditet, Perinatal asfyxi og resuscitering av nyfødde, Placenta, Anemi, Rheumatiske sjukdommar, Legemiddel i svangerskapet og Lovbestemte meldinger. Dersom du ynskjer å vere medforfattar på eit av desse kapitla (og det bør du - her er det noko for ein kvar obstetrisk smak) kan du sende epost til sjefsredaktør Johanne Kolvik Iversen på johanne.iversen@gmail.com. Fristen for å melde seg er overraskande kort, berre åtte veker etter møtet, så her er det berre å hive seg rundt! 

Gynekologen vil på det varmaste anbefale å ta del under desse møta, her får du fagleg relevant oppdatering i sanntid og kan vere med og påverke retninga faget skal ha. Vi vil særleg oppfordre legar i spesialisering og legar frå små og mellomstore sjukehus å møte, de har viktige synsvinklar som kan bli oversett dersom det berre er overlegar frå OUS som møter (ikkje noko gale med overlegar frå OUS, eg har gode vener som er overlegar ved OUS, men dei kan ikkje få rå grunnen åleine).